19 februar 2008

Mine strikkerier

Eg er som tidlegare nevnt medlem av Norsk strikkeforum; eit forum som dei siste månadane har vore til stor inspirasjon for meg og mine strikkerier! Her er det eg har strikka etter jul:

Denne jakka har eg strikka til min komande nevø. Eg gløymde å ta bilete av mitt ferdige produkt før eg sende det med oversøster når ho var her på besøk i helga. Difor brukar eg biletet frå garnstudio.com. (Dei har forresten enormt mange nydelege oppskrifter der inne. Ei side eg verkeleg kan anbefale!)

Trur du ikkje eg klarte å gløyme å ta bilete av sjalet eg strikka til Kari i bursdagsgåve også? "Lett-å-strikke-sjal" heitte oppskrifta, så eg tenkte det passa for meg ;) Og det gjorde det. Oppskrift og bilete kan du finne her.

Sist, men ikkje minst, har eg endeleg fått fullført ei babybukse eg starta på for ca 4 år sidan... Den var i utgangspunktet til ei av mine nieser, men eg gjekk lei. No dukka ho opp att, og den blir til nevøen i stadan. Den manglar ein strikk i livet enno, men det blir iallfall innan 4 år ;) Det er godt å få ferdig prosjekt som har lugge litt for lenge vekkgøymd...

På Norsk Strikkeforum er eg også med på noko som heiter "Din strikkekompis". Det inneber at eg får namn og adresse til ein av deltakarane, og sender henne garn eller anna strikkerelaterte ting. Også er det då nokon som sender til meg, og vips - dette er det eg fekk denne månaden. Utruleg flott gåve! Men den må då vere over budsjett? Ein del av denne gåveutvekslinga er å gjette kven av forummedlemmane som har sendt gåva. Vel - eg har inga aning. Det var ingen kort eller hint i sendinga, og ikkje ein gong stempelet på konvolutten var leseleg ;) Uansett: TUSEN TAKK!

Så til slutt: Vi har fått yngel i akvariet! Vi er no "foreldre" til minst sju små mollyar :) Vi skal prøve å ta bilete av dei i morgon. Men akvariet ser iallfall omtrent slik ut per dags dato.

2 kommentarer:

Beate sa...

Bra du huska å ta bilde av babybuksa da. Den var flott. Artig garn.
Lett-å-strikke-sjalet er superenkelt og ikke minst raskt. Morsomt at du hadde strikket det :)

Ingeborg sa...

Hei! Koseleg at du har vore innom og lagt igjen ein liten kommentar :) Og takk for oppskrifta! Sjal nummer to er ferdig kvart augneblink ;)