Og vi strikker og vi strikker...
...og det blir så fint og flott! Iallfall noko av det da. Eg har strikka eit sjal til. Til meg sjølv denne gongen, så då rakk eg å ta bilete av det også ;) Det eg strikka til Kari var i turkis, medan mitt vart i lilla.
Men ikkje alt blir like bra... Eg har prøvd meg på ei lue til Steffen. Eg fekk ei grunnoppskrift, men fann tidleg ut at den ville bli for lita. Eg starta difor på nytt med 16 masker meir, slik at eg skulle få det til å gå opp med fellinga. Så teikna eg meg eit mønster utfrå Steffen sine ønske. So far so good, men den er fortsatt for lita! Ein blir ikkje varm rundt øyrene av dette:

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar