14 mars 2008

Eg er tilbake!

Ja, omsider er eg tilbake i kormiljøet. På onsdag prøvesang eg (skrekk og gru) for Kammerkoret Aurum. Koret har vore omtalt på bloggen min tidlegare, og det ligg link til heimesida deira i høgremargen. Eller...deira...eg bør vel heller seie vår no? Eg fekk altså innpass same dag som eg prøvesang, og det var jo veldig kjekt. (Legg merke til at eg ikkje seier noko om at eg var den einaste søkjaren på 1.alt-stemma...)

Koret vart oppretta i 2006, og eg har vore sjølvutnevnd førstefan i gjesteboka på heimesida. Ironisk nok hadde eg ikkje høve til å høyre koret live før i haust/vinter... Eg vart vel ikkje mindre fan etter det! Likevel må eg jo seie det er stas å endeleg ha fått tilgang til dei interne sidene på heimesida, hehe ;) Det skal bli skikkeleg artig å vere med i eit så godt kor, med så mange hyggelege medlemmar i alle fall :)

No må de nesten ha meg unnskyldt. Eg har litt øving å ta igjen ;) Følg med på heimasida og her for annonseringar! Dei er... nei eg meiner vi er verd å høyre på!

5 kommentarer:

Anonym sa...

Aurum ble stifta april 2006 faktisk! Feirer 2 årsjubileum snart :)

Ingeborg sa...

Herved redigert :)

Ingeborg sa...

Gratulerer som korist!! :)

Anonym sa...

Velkommen i Aurum, Ingeborg! Det er en glede å nå ha fått deg som medlem i koret!

Ingeborg sa...

Takk takk :) Gleda er fullt og heilt på mi side!