02 mars 2008

The fast show! Endeleg!

Etter å ha surmula ei god stund etter å ikkje ha fått billettar til Raske Menn sitt show sist dei var i Trondheim, var det med stor glede og entusiasme eg saman med Steffen i går inntok Olavshallen for å vere vitne til The fast Show. Det overraskar vel ytterst få når eg no seier at forventningane i aller høgste grad vart innfridde. Sjølv om vi hadde sett veldig mykje av det før var det utruleg kjekt å sjå dei i levande live. Eg lo masse, og det gjorde dei som sat rundt meg også! Det er ikkje stort meir å seie. Eg viser heller nokre filmsnuttar frå youtube. Vel bekomme :)





1 kommentar:

frøken ij sa...

jeg var å så de i høst, festlig! :D og jeg er forresten imponert over gitarlua.