12 april 2008

"70-års-feiring"

Steffen sine besteforeldre på Tyristrand spanderte middag på Silje, Thomas og oss sidan vi ikkje fekk vere med på 70-års-feiring i Hønefoss for eit par veker sidan. (Gratulerer med dagen som var, forresten). Det var jo svært snilt av dei, og på torsdag denne veka var vi på Egon og åt. Dette var same dagen som Thomas vart vald inn som fondleiar i Verdi, så det vart på ein måte litt feiring av det også. Gratulerer til deg, forresten. Etter middagen drog vi heim til oss og åt sjokoladepudding og spelte Settlers. Eg vann ikkje, så då seier vi ikkje meir om det. Men hyggeleg var det likevel ;)

Denne helga har vi øvingshelg med Aurum. Meir om det i morgon til dømes. Men hyggeleg er det.

Ingen kommentarer: