Graset var grønt før også!
Kva tid trur du desse bileta er tatt?

Jau, dei er tatt mellom 1900 og 1920! Fargebilete då? seier du. Det sa eg også, men det er faktisk tilfelle. Den russiske kjemikaren Prokudin-Gorskii (1863-1944)via karriera si til fotograferingsteknologien, og fann ein måte å få til fargebilete på. Han brukte glasplatenegativ med hhv raudt, grønt og blått filter for å få det til. Du kan lese meir om prossessen her. Prokudin-Gorskii ønska å gjere ei fotografisk kartleggjing av det russiske imperiet, og fekk tsar Nicholas II si støtte til dette. Du kan sjå fleire bilete her.
Fasinerande, ikkje sant? Graset var faktisk grønt på den tida også ;)

3 kommentarer:
Fascinerende, ja. Jeg vil gjerne ha en sånn kjole med så kraftig blåfarge!
Åh vilka underbara bilder før en rysslandsdåre som mig.... sparar på den lænken ja.. =)
huym... min kommentar blev lite rar... =)
Legg inn en kommentar