26 mai 2008

Den store jubileumsdagen

26. mai 2008 ja. Då har eg følgjande på hjartet:

-Gratulerer med 60-års-dagen, mamma!
-Gratulerer med 40-års-dagen, Solveig! (Svigerinne)
-Gratulerer med 45-års-dagen, svigermor!

Håpar de har hatt ein fin dag henhaldsvis på Vågstranda, i Praha og i Heradsbygda :)

Praha ja. Sidan brodern og frue rømde landet i samband med 40-årsdagen stilte eg, tante Ingeborg, opp som barnevakt til ei lita prinsesse i helga. Vi hadde det veldig kjekt, men eg må seie det er litt uvant å bli vekt klokka fem om morgonen i helgene... Elles også forsåvidt... Men bortsett frå det hadde vi det altså veldig kjekt. Vi var i byen, på kafé, på leikeplass, vi baka, laga blomsterkrans, hoppa tau, dansa, og mykje meir. Her er nokre bilete:



1 kommentar:

Øyvind sa...

Me hadde også uvant morgonrutine i helga; me slapp å bli vekt! Tusen takk for hjelpa