Strikkenytt
Mine strikkevener har etterlyst strikkerier her i det siste. Vel, altså, heilt stillstand har det ikkje vore, men det har gått sakte framover. Dels skulda tynne pinnar, og dels skulda ein bølgedal når det gjeld motivasjon. Som sagt i førre innlegg har keisaren no sett dagens lys, og sjølv om dette settet ikkje skal passe før til hausten gav inntoget hans motivasjonen min eit spark bak. Og det er jo bra, for då kan eg jo snart starte på andre ting! Etter at dette biletet vart knipsa tidlegare i dag har eg fått sydd saman skuldrene etter særdeles gode tips frå frøken ij's tipsside (under "sammensying"). Med kitchensting vil ikkje keisaren merke noko til saumen på skuldrene heldiggrisen! No gjenstår berre halskant og stolpar og knappar og litt montering og trådfesting, så er settet, som er strikka i Mandarin Petit etter mønster frå SandnesGarn, klart til overlevering :)
Innimellom jakka har eg strikka desse pulsvarmarane og calorimetry etter ca denne oppskrifta. Det er sånt som passar betre å ha med seg på korøving, quiz etc, enn jakker der mønster skal strikkast frå vranga og slik skit ;) Manglar berre ein knapp i calorimetryen så er eg klar for hausten igjen... Veldig nøgd med farga. Garnet eg brukte er Kitten Mohair.
Elles i pinsa har eg gjort mykje kjekt. I dag, til dømes, har eg vore på kafé med ein herleg gjeng frå teiknspråkklassen i timesvis! I går var det vel ein ganske roleg dag på mange vis, men på laurdag var Kristine, Steffen og eg på biltur til Sverige. Mest for turen sin del, men vi handla jo litt også. Litt kylling, litt godis, litt cider, og naturlegvis korv och glas :) Vi stoppa på Skatval og fekk servert kaffe og kaker i solveggen, sette att Kristine der, og for heim til oss sjølve på Steinan og fyrte opp grillen. NYDELEG dag!

9 kommentarer:
det blir et flott sett :) og det var flott i trondheim på lørdag! jeg og kjæresten var ute nesten hele dagen, gikk tur, grillet sammen med noen venner, slappet av på teppe i sola.. aah! våren er en super tid. :)
Takk :) Ja, eg trur det blir bra, berre eg får halskanten nokonlunde bra!
Ja til vår og fint vér!
Ser ut som du har hatt en flott pinse. Gratulerer med nevøen!
Settet så kjempebra ut, litt av et arbeid! Det er så deilig med grilling, et ordentlig sommertegn;)
Takk for super tur til Sverige! Lenge siden jeg har kost meg så masse i baksetet :) Sees på kor og quiz i dag, jippi!
Det var da et oppsiktsvekkende heldig spise-bilde! Jeg har så sansen for portretter der objektet har mat i eller rett utenfor munnen! :)
Så fine ting du strikker :)
Kreativt e relativt;) Du bestemmer selv :) Lekre bilder du har, du er kreativ på fotofronten også du
Nydelig sett du har strikket. Og nydelige små du er tante til!
Legg inn en kommentar