27 juni 2008

Purring

Eg har fått purring frå diverse hald med spørsmål om eg ikkje har gjort nokon ting etter at eg kom heim frå London. Heilt på sin plass igrunn, for eg har jo rukke over ein heil del.

Det første var jo utdrikningslaget til Kari. Alle som skulle vere med møtte opp på gamle bybro. Forlovaren til Kari er politi, og ho hadde fått tillatelse til å låne ut uniforma si til ei som skulle ringe på hos Kari og avhente henne til avhør. Dette var ei dame Kari ikkje kjente, og vi andre gøymde oss bakom hekken. Kari har respekt for politiet, så sjølv om ho visste at ho hadde sitt på det reine i forhold til legemiddellova (som ho då liksom skulle ha brutt) vart ho med "politidama". Bak hekken møtte ho oss, la samman to pluss to og fekk fire. Ganske artig, men litt dårleg samvit fekk eg då vi nokre dagar seinare på jobb snakka om kor traumatisk det kan vere å få politiet på døra... Eg trøsta meg med at naboar som eventuelt kan ha sett "opptrinnet" også må ha sett fortsettelsen der Kari fekk på seg brudeslør osv! (Kari har dessutan sagt at ho ikkje opplevde det traumatisk i det heile tatt).

Etterpå vart Kari bortført i bil. Dei som køyrde saman med henne kom med uttalelsar som skulle få henne til å tru at ho skulle hoppe i fallskjerm, noko ho hadde sagt ganske klart at ho ikkje ville gjere. Litt nervøs var ho nok sikkert når vi tok av henne bindet foran augene, og sikkert like letta når ho skjønte at ho skulle på Spa :) Medan ho var der for vi andre heim til Karoline og førebudde grilling m.m. Etter hyggeleg samver der vart ho bortført igjen. Det var ikkje fallskjermhopping no heller, men gokart og laser-x. Det var langt artigare enn eg hadde trudd, og det trur eg Kari syntes også :) Siste post på programmet var overrekkinga av eit album med helsingar frå oss alle saman, og så var festen over. Eg kosa meg iallfall, og Kari har sagt at ho også gjorde det!

Elles har det gått mykje i jobbing for min del, med arbeidshelg og det heile. Kafébesøk har eg også hatt tid til, og eg var heldigvis ferdig med lappane eg skulle sende frå meg i samband med NSF-vennskapsteppe i tide. Nye strikkeprosjekt er på gang, og eg har vorte forkjøla. (Hersens skiftande trønderver!) I dag har eg fri, og i morgon reiser vi til Toftemo for å feire mamma sin 60-årsdag. Ho har invitert barn og barnebarn, søsken, svogerar og svigerinner til hyggeleg lag, og det gler vi oss naturlegvis til!

2 kommentarer:

Kari og Torbjørn sa...

Kan bekrefte at det ikkje vart opplevd traumatisk, og at eg hadde ein veldig kjekk dag! Tusen takk, alle saman:) Skal nok skrive om det på vår blogg også etter kvart, men er ikkje på same plass som kameraet med bilete akkurat no, så det får bli om litt...

Anonym sa...

Så ut som dere koste dere ordentlig. Skulle gjerne vært med, men får jo ikke lov å fly lenger...