Det er haust
Lat oss starte med eit haustdikt:
Det er høst.
Det er trist.
Like trøstesløst høsttrist som sist høst.
Og om en stakket frist
blir det tele og frost,
og ingen taletrost
å søke trøst hos.
Ja det er høst.
Trallala.
Og bladene -
falleri fallera'Men fakta er at eg ikkje synest det er så trist! Når eg sette meg i bilen på parkeringsplassen på jobb i ettermiddag og såg gule blad virvle over plassen i vinden medan Radio Norge spelte ein tøff reggae, ja då måtte eg smile for meg sjølv. Så der sat eg i bilen i mi nye skinnjakke og smilte medan eg tenkte på kor bra eg har det trass i at det blir mørkare og kaldare ute. Eg er lykkeleg gift med ein herleg mann, har fast jobb i eit superspennande og fasinerande fagfelt, eg har eit stort nettverk med gode venner, syng i eit flott kammerkor, har langfri neste helg, eg har dekorative husdyr, veit at yndlingsserien min går på tv i kveld, og har ei lang liste med ting eg gler meg til å strikke :) Og i går prøvde eg sushi for første gong.
Sushi var spennande. Det var Mannen som hadde lyst til å prøve det i samband med bursdagen sin. Vi tok turen til Sushi bar på Ravnkloa, og bestilte "Happy Sushi". Det innebar:
Ein god forrett;
Ei litt meir spesiell "tradisjonell japansk misosuppe".
Og hovudretten med seks bitar sushi og seks bitar maki.
Ikkje alt falt i like god jord, men noko av det var bra :) Fisken var jo til vår store overrasking omtrent det beste! Stamgjestar blir vi nok ikkje, men fordelen er at neste gong veit vi kva vi likte og ikkje, og kan bestille deretter! (Er det forresten fleire enn eg som får assosiasjonar til eit eller anna vaskemiddel av lukta av pepparrot? Veldig spesielt...)
I morgon har eg fri. Og det på ein onsdag!

5 kommentarer:
Tøff jakke! Hurra for at du har det så bra! I morgen skal jeg til en forandring jobbe en halv onsdag (det er fridagen min), men etterpå skal jeg kjøpe tilbehør til kjolen min som jeg skal gå i bryllup med på fredag. Livet er bra. Hurra!
Så summasummarum har du det ikkje så verst du heller? Hurra!
Ja livet e godt! :) Lika når d bynne å bli litt mørkt, for da kan me tenne stearinlys inne og sjå på stjernen ute. Og lufta e so klar og frisk. I lika høsten. Lika egentlig alle årstiden, alle he sine ting som i lika ma dei.
I tek helg i dag, håpe i du fær ei flott helg! :)
Fin jakke!! Hvilket merke er d/ hvor er den kjøpt?
Klem
IJ: Smil t verden og verden smile tebake :) Takk fer besøket på tirsdag! Det bør gjentas!
Annie: Takk! I e fole fernøgd :) Merket e Vila, og den e kjøpt på DaVinchi i Bergen.
Legg inn en kommentar