Steffen 26 år
I morgon, altså åttande i niande, fyller Mannen 26 år. Gratulerer med det! I den anledning stod salat, kake, kringle og diverse snacks på bordet fredag kveld, og gode vener sat rundt det og feira saman med oss. Direkte triveleg var det. Kristine og Gunnar kom heilt frå Elgseter, Silje og Thomas heilt frå Lerkendal, Mari og Lars-Eirik heilt frå Ila. Desse avstandane bleikna nok litt mot Runar si ferd heilt frå Hakadal! Men alle var like kjærkomne gjestar, altså :) Steffen fekk mange fine dikt og gåver. Mellom anna "Kjære Steffen! Du er jo glad i fisk - men den skal helst vera kjøpt over disk (?) Du er ikkje så glad i røye, difor får du ei .........." Dei øvrige gjestane tippa på køye, søye og sløyfe (!?), men det riktige var trøye. (Den var i ull, så søye var vel nærast gjetta...) Eit anna dikt var: "Me er invitert frå nord til sør, for å feira deg som hør og bør. Hu og hei, det går din vei. Tenk nå har du blitt ett hakk stør'" Ja, ein nordtrønder var involvert i det siste diktet ;) Saman med diktet fekk han kortspelet Bonanza. Eg var kjempeglad! Steffen også.
På laurdag tok vi med oss Runar på markatur utan hundar. Det vil seie at han måtte gå heilt for eiga maskin, og det klarte han bra ;) Vi var på Liaåsen og åt kringle. Vel heime var det graut, så bonanza, så taco og landskamp, så Den siste revejakten på kino, så Tilbake til fremtiden 2 på dvd. Og i dag var vi på lunsj hos Mari og Lars-Eirik i deira nye heim. Ei herleg helg har det vore!
Noko meir? Ja; mi kjære barndomsvenninne og gamle nabo fekk ein stor og flott gut i natt! Gratulerer til heile familien :)
Også har eg fått to nye lappar til lappeteppet i posten:

2 kommentarer:
gratulerer til/med mannen :) hvordan likte han gaven? og da tenker jeg ikke bare på den delen jeg var behjelpelig med, men klærne (som ofte er vanskelig å kjøpe)? ser forresten ut som dere hadde en fortreffelig helg :)
Den delen du bidrog med blei mottatt med eit: "Endelig! Tøft!"
Skjorta eg kjøpte, derimot, blei hurtig kassert/returnert med kommentaren "Jeg liker ikke å gå med skjorte". Hehe... Bytta ho inn i ein fin genser i staden. Ylvisbillettane falt i god jord da. Vi gler oss herved til 6. desember :)
Legg inn en kommentar