22 oktober 2008

Emosjonell inkontinens

Det er ei kjennsgjerning at eg er eit lettrørt og emosjonelt vesen. Eg har grete meg gjennom Helene og gutta på barneskulen, skratta og grete om ein annan til Friends gjennom mange år, og har dei siste par åra slite meg gjennom (dog heilt frivillig og med stor entusiasme) Grey's anatomy. Tårane trillar til dåp, bryllup og gravferd - uavhengig av om eg kjenner dei involverte eller ikkje.

Eg tok dette opp med ein overlege/psykiater på arbeidsplassen min, og etter litt betenkningstid landa ho på diagnosen emosjonell inkontinens. "Du og slagpasientane, Ingeborg," sa ho med eit blunkefjes bak.

I "Tidsskrift for Den norske legeforening" fann eg ut litt om diagnosen min: Emosjonell inkontinens er ein variant av sviktande åtferdsregulering gjennom upassande gråt eller latter. Det inneber at nøytrale eller svakt emosjonelt ladde hendingar medfører kraftig gråt, utan at personen det gjeld nødvendigvis kjenner seg trist. (Det er eventuelt denne varianten eg er mest plaga av, men positivt ladd emosjonell inkontinens fins også i form av kraftig latter som ikkje står i forhold til situasjonen). Symptoma kan vere plagsomme og sosialt invalidiserande.

Etter nærare ettertanke stiller eg meg kritisk til diagnostiseringa... Ho kan då ikkje meine at scena der Nicolas og Helene (i Helene og Gutta) gjer det slutt er svakt emosjonelt ladd? Eller der Britt og Brynjar giftar seg i Himmelblå? Eller der Rachel droppa å reise til Paris til fordel for å gå tilbake til Ross i Friends? Eller der Danny dør ein time etter å ha fridd til Izzie i Grey's anatomy?







Nei, eg trur vi seier lettrørt, emosjonell og svært empatisk eg.
Og takk til Kristine og Line som lot tårane trille saman med meg i går kveld!

6 kommentarer:

Papirkurven sa...

Jeg har nok akkurat samme diagnose! Ikke at bryllup og klasserådsmøter ikke er emosjonelt ladede, men jeg griner uansett jeg.

Ingeborg sa...

Ja eg veit det er fleire av oss.

I dag fekk eg brev frå fadderbarnet mitt i Niger. Jøje meg...

Anonym sa...

Ja, dette er noe jeg kjenner meg igjen i..Ingenting å takke for Ingeborg, det var ikke som om jeg hadde et valg ;)

Line

Kristine sa...

Kremt, nei, umulig å prøve å kontrollere tårene når man ser på noen som tar farvel med sin døende ektemann... (Forresten skulle jeg likt å høre mer om den der kraftige latteren du skriver om!)

A ¤ R sa...

hear hear!!!
og det hjelper absolutt ikke å arbeide på nyfødt intensiv avdeling.... ;)

Ingeborg sa...

Sant! Det er noko med at når ein jobbar i nære relasjonar til menneske så kan ein ikkje unngå å bli berørt på eitt eller anna vis. Og dersom ein ikkje får utløp for kjenslene der og då må ein jo få det ut til andre tider!