21 mars 2009

Bartebyen ball- og bollelaug - kick off

Det var duka for sesongstart for Bartebyen ball- og bollelaug i dag. Ingen hadde trent fotball sidan oktober/november når dei i dag møttest til fotballturnering på Dragvoll.



Målet for dagen var å score eitt mål, og det gjorde dei. Berre så synd at motstandarane scora henhaldsvis åtte og ni... Mi oppgåve i dag var å passe på utstyret, heie, fotografere og komme med fysioterapeutiske råd til slitne kroppar, og med utgangspunkt i alle desse rollene må eg seie at lauget gjorde ein hederleg innsats. Med litt meir ball og litt mindre bollar gjennom vinteren og med hakket meir positiv innstilling trur eg kanskje dei kunne ha fått inn eit mål til! Men sesongen er iallfall herved i gang, sjølv om det no blir pause til etter påske...






BBB - La det skje!
Ball og boll - gåll gåll gåll!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Syns du kunne spart oss for det ydmykande sistebildet... 4 mot 1. Ser ikkje bra ut. I staden kunne du lagt ut eit svært bilde av eg som scorar i siste sekund og vert dagens STORE helt.

Ingeborg sa...

Beklager. Scoringa kom så uventande på meg at eg hadde ikkje kameraet klart... ;) Men eg kan godt namngje deg i innlegget, og tittulere deg som helt nokre veker framover dersom du ønskjer det.

Anonym sa...

Det siste bildet sier vel alt. Et såkalt blinkskudd.