27 mars 2009

Klar for helg!

Arbeidsveka er unnagjort, huset er vaska, vaskemaskina surrar og går, middagen står i omnen - eg er klar for helg, og det er deilig! Det er korhelg i helga, med øving til konserten med TSO førstkomande torsdag i Olavshallen. aurum avsluttar helga med konsert saman med TSS i Erkebispegården søndag kveld. Så velkomne skal de vere til både den eine og den andre konserten!

Elles vil eg gjerne oppfordre flest muleg til å bidra på morgondagens Earth Hour. (Trykk på linken for å lese meir). Verda slukkar lyset i éin time (Earth Hour) 28. mars frå kl. 20.30. Hensikta er å samle ein milliard menneske, derav ein million i Noreg, for å vise at folk over heile verda står saman mot klimaendringar.

Ingen kommentarer: