09 april 2009

Campinglivet

Campinglivet er ikkje som det ein gong var. No er det to kjøleskap og komfyr, varmeomn i forteltet, gassgrill, trådlaust nettverk, parabolantenne, og dusj og do i vogna. Sånn var det ikkje i min barndom! Men ein ting er uforanderleg i campinglivet; yatzi :)



Vi har altså vore på campingvogna til mamma og pappa på Dovre saman med dei og Eiric eit par dagar. Ein fin måte å treffast på når vi skulle vidare sørover i landet etterpå. Synd at det regna, for det øydela for fjellturen vi hadde lyst på. Som plaster på såret spanderte pappa rømmegraut på Hjelle seter :) (Sjælljsetra som det heiter på lokalmålet...) Men vi fekk oss iallfall ein liten spasertur i dag før vi køyrde vidare til svigers.












Litt strikking har det også vorte, men eg har ikkje fått tatt bilde enno. Derimot kan eg publisere bidraga mine til Månedens Tema på NSF; ein tova duk, og fem påskeegg (som eg i påska har hengt på ein kvast med gåsungar).












I påska har eg ferdigstilt eit par lommetøfler, ein calorimetry og to gryteører som skal tovast. Bilde kjem etterkvart. Mamma strikkar Ludvig - og han blir kjempesøt! Kanskje eg får bilde av han også, når han er ferdig?

2 kommentarer:

K@ri sa...

Milde måne! For ei travel dame du er!!!!

Men du har helt rett: Solsenga var magisk :-)

Og de tovede eggene dine var rett så snacksy.

Fortsatt god påske til deg også.

Klem fra Kari*

Elin sa...

Skikkelig fine påskegg!