15 april 2009

Livstegn fra das grosse utland!

Ja så har vi vore i Berlin eit par dagar allereie! Eg har ikkje ubegrensa tilgang til nett, så eg tek det kort. Vi har det veldig bra. Det er 20 grader her nede. Skikkeleg t-skjortetilstandar, og det i seg sjølv er jo nesten verd turen!

La meg starte med hotellet. No er ikkje eg så vanskeleg å gjere til lags når det kjem til hotell. Der skal eg jo berre sove likevel. Men du verda for eit hotell! Eg har aldri budd så fint på hotell før eg. Hotellet heiter Park Plaza og ligg i Wall street. Dette hadde vore noko for deg svoger Thomas; golvteppa i gangane har børsnoteringar frå Wall street, teppet på rommet er ein dollarseddel, badet er nydeleg (trass i at det ikkje er badekar der), sengene gode, det er masse skapplass og... Det er så bra! Jasså? seier du kanskje. Er det sånn det er å vere gift med ein prosjektingeniør? Då kan eg fortelje at det her er miljøterapeuten meg som betalar, og eg fann noko billig på hotels.com. Kva gjer vel det når det er så bra?

Elles har vi allereie fått sett mange turistattraksjonar. Brandenburger Tor, Reichstag, Unter den Linden, tv-tårnet, isbjørnen Knut, Kudamm, Rådhuset, Tiergarten, Potsdamer Platz, litt restar av muren m.m. Eg tek meg ikkje tid til å legge ut bilde no, men lovar å lage ei fin lysbildeframvisning når vi er vel heime i moderlandet. Vi kosar oss iallfall, og i morgon er det mellom anna teknisk museum som står på programmet :)

Wiedersehn!

Her står vi på Brandenburger Tor
Hånd i hånd som om det var i går
(og det var det faktisk...)

3 kommentarer:

K@ri sa...

Takk for oppdatering!
Gleder meg til bildene kommer.

Kos dere videre :-)

Kristine sa...

Huska Steffen å hilse til Brandenburger Tor fra meg??

Line sa...

Det ser ut som dere koser dere - flott innlegg!