På kjøret.
Facebookstatusen min den siste veka har signalisert at eg er på kjøret. Korkjøret. I morgon kveld kl 18 har Kammerkoret Aurum konsert i Lademoen kyrkje saman med TPBB. Vi skal synge Hail, Gladdening Light av Charles Wood, tre motettar av Stanford, og Prayers of Kirkegaard av Nystedt, samt Hymn to the Fallen frå Save Private Ryan saman med TPBB. Eg har visst kjempelenge at repertoaret skulle verte framført utan notar, så det er kun min eigen feil at eg ikkje har starta pugginga tidlegare. Nesten to veker ferie rett før konserten var vel heller ikkje gunstig i så måte... For å skåne masterstudentmannen mest muleg har dette utstyret prega fritida mi den siste veka:
Etter iherdig innsats i time etter time nokre dagar trur eg no det skal vere gjennomførbart! Hjarteleg velkomne til konsert i morgon :)

2 kommentarer:
Syng pent ;o)
Og begynn å spill fløyte igjen!!!!!
Bestevennen er takknemmelig for omtanken :-)
Konserten gjekk overraskande bra. Vi fekk mange tilbakemeldingar på at vi sang pent :)
Hehe, fløyta ja. Den ligg bokstaveleg talt på hylla, så eg veit med meg sjølv at eg kan plukke den fram akkurat når eg får lyst. Dessverre har ikkje lysta vore så framtredande... Muligens fordi eg veit at fallet har vorte stort... :( Men som sagt - den ligg der, og eg skal ALDRI kvitte meg med ho!
Legg inn en kommentar