Positive dagar :)
Jajamensann :)
Det går mot påske. Eg har så smått teke til å pynte huset.
Konserten på torsdag gjekk fint.
Arbeidsdagen i går bestod i å gå tur i marka.
Privatlivet i går bestod i at Mannen fekk seg fast jobb! I Trondheim! Frå juni!
I dag skal eg få massasje av Helene før eg skal på jobb.
På jobb skal eg lage kake.
Og ete kake.
Og ete pastasalat á la Torill.
Og eg skal jobbe saman med så mange koselege kolleger!
Eg har lånt Ringenes Herre på lydbok = eg kan lese og strikke samtidig!
Om 3-4 dagar tek eg påskeferie. Dovre, Hønefoss, Berlin, Hønefoss, Dovre, Trondheim.
Herlighet så positive dagar eg har! :)

4 kommentarer:
Eg blir så glad av å høyre kor positiv du er !!!
Livet blir så mykje betre for alle omkring deg.
Det er hjarteleg velkomne til Dovre.
Høres riktig so koslig ut! Kjekt ma positive daga :D Ha ei fin påske og god tur t berlin :) *klem*
Gratulerer med fast jobb til Mannen :)
God påske og god tur :) Klemmer
Gleder meg på dokkars vegne!! Hils mannen:) Glade smil fra Kjersti
Legg inn en kommentar