25 oktober 2009

Herleg comeback!

UKA. Eg var der. Mannen var der. Kristine var der. 5997 andre fans var der. Gåte var der. Dødens dal, 24. oktober 2009. Med ei halvnervøs Gunnhild Sundli i front (nervøsiteten forsvann raskt altså) gjorde dei eit velblåst comeback etter fire år i stillheit, og ja - det rykka litt i rockefoten min også. Kjempeartig å sjå og høyre dei og den eine hiten etter den andre att!

Bilda nedanfor er henta frå Adressa.no, der du også kan lese meir om konserten.
Om eg har favorittsangar? Bruremarsj frå Jämtland er jo ein høydare. Og Snåle mi jente likeså. Og Statt upp. Og Margit Hjukse. Og Iselilja. Og...i det heile tatt! Det skulle ikkje forundre meg om Gåte blir leita opp på Ipoden på toget i morgon kveld!

1 kommentar:

K@ri sa...

Skjønner godt at du koste deg der!
Gratulerer med ny bil også :o)

Vakre tanker fra K@ri*