03 oktober 2009

Forden

Då eg skulle ut i turnusteneste i Overhalla hausten 2005 såg eg meg nødt til å kjøpe ein bil. Å pendle frå Namsos til nabokommunen dagleg, samt tur/retur Trondheim minst annakvar helg gjorde valget ganske enkelt. At det vart ein ford mondeo var nok langt meir tilfeldig enn som så, men det vart no det - trass i alle åtvaringar frå både svigerfar og diverse bilinteresserte kompisar. Ja, forden har kosta oss nokre tusenlappar i løpet av desse åra, men det ER dyrt å ha bil, og forden har verkeleg gjort nytte for seg også! Stor og romsleg har den hjulpe oss godt i flytteprosess til og frå Namsos, til og frå Porsgrunn, på ferieturar i inn- og utland, hytteturar, ærend i byen etc etc.

Den har snart gått 300000 km, så det låg i korta at det gjekk mot slutten for følgesvennen vår. At han skulle seie stopp akkurat på Støren medan Mannen var på veg til Hønefoss førre torsdag... vel, det hadde vi vel ikkje akkurat planlagt.
Jammen bra det finst noko som heiter Falken!
Så sånn gjekk det altså med forden til slutt. Sei frå dersom du er på utkikk etter ein delebil. Vi har ein ståande på Steinan!

2 kommentarer:

Lene N. sa...

R.I.P. Ford Mondeo! du har fortjent hvile nå. Tipper at mor og far din ikke kommer til å glemme deg selv om de kjøper en ny bil. Takk for at jeg også fikk bli kjent med deg! ;)

K@ri sa...

Det er godt det bare er en gammel bil det er snakk om.... Okei, den har sikkert personlighet, men helt sikkert ingen sjel .O)