Ein god gammaldags laurdag
Sjølv om véret ute seier tidleg oktober hellar stemninga innandørs meir mot vinter. Det har vore ei begivenheitsrik veke, med adjø til forden, svineinfluensavaksine (og bivirkningar av denne...), og andre kvardagslege høgdepunkt. I dag har vi det eg kallar ein god gammaldags laurdag. Mannen kallar det ordne-dag. Vi har vore på handel, og investert i mellom anna juleskjorte til Mannen, sjokolade frå fabrikkutsalget til Nidar, og lutefisk. Den skal vi prøve oss på i morgon, og får truleg eit eige blogginnlegg! I tillegg blir det tradisjonen tru laurdagsgraut, litt husvask, handarbeid, og skirenn på tv. GOD laurdag :)
Eg har vore på posten også. Eg fekk nemleg pakkelapp i går. Det har seg slik at eg tidlegare i haust meldte meg på ein adventskalender på NSF. Den går ut på at alle påmeldte lagar ein adventskalender (heilt eller delvis strikkerelatert) til ein av dei andre deltakarane. Den som får min veit ikkje kven kalenderen er frå, men skal prøve å gjette seg fram til det. I dag har eg henta pakka/pakkene mine - og lurer på kven som står bak!
Pakkene har iallfall funne sin plass på eit hjørnebord, så får vi sjå om eg klarar å vente til 1. desember da... ;)

1 kommentar:
Oooooh! Skjønner du gleder deg til dette - ser spennende ut! =)
*ikke misunnelig i det hele tatt...* *ler*
Legg inn en kommentar