God jul ;)
Det er utruleg kva litt lukt kan gjere med stemninga!
Du kan sjå på dette som ei øvingsgreie. Kanskje må eg ein gong i framtida tilberede julemiddagen, og då kan det vere greit å ha prøvd det på førehand. Og å øve i desember, før jul - ja det er uaktuelt faktisk. For tett på jula rett og slett. Men i dag var perfekt. Og middagen? Ganske så perfekt den også ;)
Skikkeleg julaften vil eg ha berre ein gong i året, så difor droppa vi riskremen til fordel for krembollar; ei anbefaling frå ein kollega frå Oppdal. Likar du bollar? Likar du vaniljekrem? Ja då likar du krembollar. Suksess!

1 kommentar:
Maten ser nydelig ut :D
Ligger en award til deg inne på bloggen min :)
Legg inn en kommentar