Det var ein gong...
...på slutten av 60-talet, medan det fortsatt var påbudt med bomberom i blokkene, og alle leiligheiter faktisk hadde lagringsplass. Ja, for det er ikkje sjølvsagt at boligar av nyare dato har bodplass. Enkelte av stadene vi kikka på då vi var på boligjakt hadde så begrensa med oppbevaringsplass at eg til tider undra meg over kvar folk sette støvsugaren når den ikkje var i bruk! I sokkelen på Steinan var vi bortskjemt med to herlege boder. Det har vi her også, på bakkeplan og i kjellaren. Her oppe i toppetasjen, bak denne døra......har eg rydda og organisert i kveld. Døra finn du på kjøkkenet mitt, og bak den skjuler det seg ei gullgruve: SPISSKAMMERSET!
Ikkje så mykje spiseleg der akkurat no, men du verden så godt det er å ha eit rom å stue vekk kenwooden, kaketina, alle vasar og blomsterpotter, lysestakar, lyspærer, julepynt, store kasserollar og diverse anna i! Spisskammers - ja, det bør ein toppetasje ha ;)

1 kommentar:
Så fin (og praktisk) leilighet, gratulerer! Jeg har også begynt så smått med litt blogging, så da må jeg inn å sjekke hos deg! Håper at det står bra til, og at vi ses en gang snart:) Klemmer fra Ingunn (B. Nilsen:)
Legg inn en kommentar