18 april 2010

Kom inn, kom inn :)

Etter å ha kava deg opp alle dei 45 trappetrinna til toppetasjen, er det dette du møter når eg opnar døra for deg:
Vi fekk endeleg rydda og ordna litt der i går, med montering av spegel, skoskap og nøkkelskap, så no trur eg det er som det skal vere sånn omtrent. Vi har plassert fiskane i entréen denne gongen, i og med at stova er såpass lita som ho er. På kommoden i gangen får dei heller ikkje direkte sollys, så kanskje det blir litt mindre algar også? Dei ser iallfall ut til å trivast der ute, og lograr glade med heile seg kvar gong vi går forbi :) Eg lograr kanskje ikkje, men eg tek til å bli skikkeleg glad i toppetasjen! Velkommen oppom!

4 kommentarer:

Eline sa...

Ser ut som dere virkelig har fått kjøpt en fin leilighet! Gratulerer med det, og nyt det. Jeg liker det også:)

Marit sa...

Fint! Likt nøkkelskap som oss, og me har òg tenkt å flytte akvariet i hallen. Mest pga algar, og for å pynte opp der nede. Prinsessa kan jo få litt selskap i første etasje ;-)

Kristine sa...

Gøy å endelig få se den flotte leiligeheten :) Vi kommer tilbake!

Fretex sa...

Hei,
ser at de har 10 jakker hengende i gangen, men de er berre 2 personar. Me i Fretex vil gjerne hjelpe dykk å verta kvitt nokon av dei!