"Livet er ikke det verste man har..."
Siste skuleveke i Oslo er gjennomført, og praktisk eksamen bestått. Eit slitsomt, men akk så herleg studieår, går mot slutten. Berre ei oppgåve igjen no så er det unnagjort! Det blir godt å sleppe all reisinga framover, men klassen var så fin, så det er litt vemodig også! Jammen finst det mykje bra folk rundt omkring, og nokon er eg overbevist om at eg kjem til å halde kontakt med :)
Det har også vore ei sann glede å bu hos, og bli betre kjent med, svoger og svigerinne på Bygdøy. Takk for gjestfriheita! Eg/vi kjem gjerne på besøk igjen :)Mannen kom nedover mot slutten av veka, og vi hadde ei hyggeleg helg saman på Bygdøy. Det var godt å komme sørover, for i Trondheim snør det både hundar og kattar for tida... :( Kvar blir det av våren??
Jaja, den kjem nok tilbake! Inntil vidare får eg konsentrere meg om nattevakt og oppgåveskriving som eg har i vente. Det blir bra. "Og om litt er kaffen klar..."

1 kommentar:
Gratulerer med vel gjennomført! Du er flink, Ingeborg :)
Legg inn en kommentar