Omvisninga held fram...
...og i anledning at vi gjekk til innkjøp av nytt kjøkkenbord i går er det naturleg å fortsette omvisninga der.Kjøkkenet og badet er mine foreløpige favorittar i heimen, og også dei mest ferdige romma. Det er ikkje utan grunn eg har studert kognitiv terapi i badekaret, og i dag har jobba med eksamensopplegget mitt ved kjøkkenbordet! :) Heimen tek sakte men sikkert form, og eg gler meg til å vise fram meir etterkvart!
Livet er slett ikkje så verst denne våren heller, og ekstra gledeleg er det å kunne gratulere mi beste venninne med ein nydeleg liten gutt. Han kom til verda på søndag, og eg gler meg stort til å helse på både han og foreldra :)

3 kommentarer:
Kjøkkenbordet ser greitt ut, men kunne tenkt meg å sjå resten av kjøkkenet og. Det var litt mange pakkenellikar der då vi drog.
Det blir det blir :)
Fint bord, ja, men vil òg sjå resten... Det er vel ho frå romsdalen som har fått ein gut? Du får gratulere ho frå meg.
Legg inn en kommentar