Rapport frå toppetasjen
Vi er installerte og har det bra! Med god hjelp frå familien fekk vi flytta både smått og stort palmehelga, vaskemaskin og akvarium inkludert, frå sokkelen på Steinan til toppetasjen på Byåsen. Utvaskinga fekk vi også eksperthjelp til (takk, mamma!), og fekk mykje skryt frå verten der då han kom på inspeksjon. Vel fortent spør du meg! ;) For ein jobb... (Det einaste bildet eg har av mamma frå paska er sitjande i ein stol, men det nektar eg å vise fram sidan det ikkje reflekterer fakta!) Ladeprinsessa var også svært behjelpeleg, både med bæring og vasking. Og viss de lurer kan ho bekrefte at vi har 45 trappetrinn - både opp og ned ;)
Vi har absolutt ikkje kome i orden enno. Det får vi ta litt etter litt framover. Vi har til og med tatt oss tid til ein påskeferie hos svigers, og returnerte derfrå i går kveld. Vi har feita oss opp litt på god mat, og hygga oss saman med familie. Om det ikkje var det store påskeveret med tanke på skiturar etc, fekk vi trimma legemet med wii og hjernen med kryssord. (Ok, litt hekta...) Fine dagar på Ringerike har vi iallfall hatt! Silje og Thomas kom til Trøndelag når vi endeleg tok turen sørøstover, men dei stakk innom og såg på rotet vårt i dag ;) Velkomne tilbake ved eit seinare høve!
Vi måtte ta oss ein tur og sjå på branntomta etter Hønefoss kirke også, og det var ikkje eit hyggeleg syn. Eit vakkert bilde, på sitt vis, fekk Mannen likevel til. Det får tale for seg.
For å avslutte blogginnlegget litt hyggelegare tek eg med eit bilde av ein ny bestevenn, så håpar eg de ikkje tek meg for å vere overfladisk av den grunn...! Sei hei til Asko, og gled deg med meg!

4 kommentarer:
Flytting med akvarium.... alltid moro:)Håper du legger ut flere bilder av leiligheten etterhvert,spennende å se hvordan dere har fått det :) Tone
Gratulerer med innflytting i toppetasjen! Din nye venn, Asko, ser ut til å vere like god og hjelpsom som min Siemens ;-)Supert med slike venner!
Asko`er og Husqvarna`er og alle deres slektninger er ganske gode å ha :) Gratulerer med å kommet inn i nyleiligheten og med oppvaskvidunderet. Ha ei flott helg! :)
Så utrolig fint som dere har fått det. Tusen takk for titten.
Legg inn en kommentar