Arvegods
Fleire gonger har eg sakna serveringsbestikk når eg serverer til dømes steik eller indrefilet. Svigerfar hadde, utan at han var heilt klar over det, løysinga! På loftet fann han nemleg noko gamalt sølv han hadde arva. Og vi fekk velje oss ut noko av det.Dei to skeiene lengst til høgre har svigermor pussa, og på det viset lært meg ein ny og enklare metode! Skeia lengst til høgre er for øvrig frå 1895. Den neste er Mannen si Blåmannskei som han fekk i dåpen nesten 100 år seinare :)
Etter ein omgang i kokande vatn med bakepulver såg sølvet straks betre ut. Det tok berre nokre få minutt, og gnikking var ikkje naudsynt!
Plutseleg har eg ei 150 år gammal tesil å skryte av, samt 80 år gammalt serveringsbestikk til neste hjortesteik! Blanke og fine :)

5 kommentarer:
Så lur måte å "pusse" sølv på! Er det lov å spørre om blandingsforholdet kokende vann/bakepulver? Satser på at det funker på smykker også ;)
Skjønn liten undulat dere har fått dere forresten :)
Det var heldig :)
IH: Ein god dæsj bakepulver... Kan ikkje gje eit meir nøyaktig svar dessverre :( OBS OBS - ikkje bruk på sølv som det SKAL vere svart i (oksidert, er det det det heiter?)
Fru N: :)
Så heldig dere er. Arvegods er alltid kjekt, både pga gjenbruk, og pga sentimentalverdien.
Så heldig da! Det er så gøy med arvegods syns jeg. Også er det jo så fint! Jommen en lur måte å pusse sølvtøy på ;) Men det bør nok ikke brukes til bunadsølv etc. nei. Var ei som skulle gjøre det veldig enkelt med pussingen før 17. mai et år. Det ble ikke så vellykket dessverre...
Legg inn en kommentar