16 september 2010

Flygetrening!

Eg har hatt ein god flow i kveld. Husmorflow. 20 rundstykke, 16 horn, 4 brød og ei eplekake er resultatet av det, og dagens gjærdeigar var heilt perfekte om eg må få seie det sjølv ;)
Jepsi har forsåvidt også ein god flow. Han er allereie handtam og fortruleg! Han likar musikk, er sosial, bråkar lite, og ser i det heile tatt ut til å trivast i toppetasjen :) Men flygetrening - det er heilt nødvendig. Han ser foreløpig ut som ei skadeskoten kråke i lufta, men det blir det blir. Finn han eit høgt punkt å lande på er han iallfall konge på haugen!

Her har han funne seg til rette på eit kunstverk vi fekk i bryllaupsgåve.
Her klamrar han seg til lysestaken eg designa og kaldsmidde på sløyden på ungdomsskulen.
Vi måtte henge eit dynetrekk foran balkongdøra, for å hindre at han fekk seg ein smell.
Og her kikkar han opp frå manken til Mannen :)

Fin ja?

5 kommentarer:

Fru N sa...

Fin ja!! Kjempesøt og kul undulat :) Og gjærbaksten din så veldig god ut ! Her bakes det rundstykker opptil flere ganger i uka..

Helene Harefrøken sa...

Åh, bakverket ser jo helt fantastisk ut! Og jeg vet av erfaring at det også smaker bra! Mmm... Søt liten type i gult der, ja :)

Jeger sa...

Høstjakta har byrja, trur eg tek meg ein tur til Trøndelag på undulatjakt...

Ingeborg sa...

Fru N og Helene: Takk og takk :) Bakverket vart slett ikkje verst. Og Jepsi er nok både søt og kul ja :)

Jeger (Bom Bom): Klarar du å ta denne karen i svevet er du god! Hehe... ;)

Strikketussa sa...

Så nydelig liten Jepsi da :D Jeg får jo ikke noe mindre lyst på fugl når jeg leser om den lille vakringen deres <3

Og imponerende bakst må jeg også få si! Ble rent sulten her jeg sitter...