Kor artig!
Ja, det går mykje i kor for tida. Etter Mahlerprosjektet har vi hatt diverse oppdrag. Vi har vore øvingskor for eit knippe dirigentstudentar, og har brukt mykje tid på å lære oss sangane til dirigentseminaret i helga. I tillegg vart vi spurde om å vere med på ei radiogudsteneste i Berg kyrkje, så i dag kunne alle P1-lyttarar høyre oss direkte på eteren. Dersom du ikkje fekk det med deg, men likevel kunne tenke deg å høyre oss, kan du klikke deg inn på nettradioen på nrk.no. (P1, Gudstjenester, 10.04.11). Kammerkoret Aurum syng to sangar; Ubi Caritas av Ola Gjeilo (12,5 minutt ut i sendinga) og I Himmelen av Grieg (45 minutt ut i sendinga). Vi hadde med oss Lars Eggen som solist på sistnevnte.
Men livet består av meir enn kor, sjølv om det kanskje ikkje har verka sånn dei siste vekene... Uansett; det blir stadig meir vår i véret, vi har feira fire års bryllupsdag med herleg heimelaga andemiddag, magen struttar meir og meir, og Lille Trille gjev stadige livsteikn. Eg trur han er perkusjonist, bass og fotballspelar ;) Formen er fin, det er snart påskeferie i Romsdalen, og no; vaniljeis med sjokoladesaus!

3 kommentarer:
Jeg fikk med den første, men hadde nok tatt begge 2 dersom jeg viste at det var I Himmelen. Veldig bra! Men når skal du begynne å spille fløyte igjen? Du var jo veldig flink! Syns å sløse med talentet!
Vakre tanker til alle tre fra K@ri*
Uff, du seier noko Kari... Fløyta ligg bokstaveleg talt på hylla, og eg har ikkje spelt på årevis... Kanskje eg må bli privatlærar for Lille Trille etterkvart, slik at eg kjem igang igjen? Elles takk for kompliment :)
:)
Legg inn en kommentar