01 mai 2011

Påska 2011

Jada, eg veit eg heng etter, men no har eg fleire innlegg i hjernen altså! Eg vel å ta ting i kronologisk rekkefølge - systematisk som eg er ;)

Det vart Romsdalspåske i år, saman med heile familien på mi side. Med tolv stykk i stort og smått (utanom Jepsi og Lille Trille) under samme tak, vart både aktivitetsnivå og lydnivå eit litt anna enn vi er vande med her i Toppetasjen... Det er ikkje ofte at alle saman er på heimtraktene til same tid, så det er jo mest koseleg trass alt :) Med det véret vi fekk var det jo muleg å vere ute også - som seg hør og bør i påsketider! Ikkje alle er så heldige å ha besteforeldre med eigen gapahuk og bålplass berre ein liten spasertur ut frå huset, men det har denne gjengen. Med pølser og pinnebrøddeig i sekken kunne to prinsesser og ein keisar i fri utfoldelse kose seg i sauebeitet saman med foreldre, besteforeldre, tanter og onklar denne flotte aprildagen.
Prinsen sov seg gjennom heile utflukta, og kosa seg heller godt utkvilt med den litt skumle men like fullt kule onkelen innandørs etterpå.
For vi var jo innandørs også altså. Mat, brettspel, besøk av slektningar vi sjeldan ser, påskequiz og krimlitteratur er noko av det vi brukte fridagane på. Og ein tur til fadderbarnet vårt i Ålesund; ein stor liten tøffing det også :)
2. påskedag kunne vi vende nasen nordover att, fylt med ein solid dose familiesamver, ny skiboks på bilen, og dette skattkammeret i bagasjerommet:
Og DET skal du få ein nærare kikk på i neste innlegg ;) Sekken vart nemleg nøye gjennomgått i kveld, etter ein nydeleg 1.mai-dag på balkongen.

Ingen kommentarer: