25 september 2008

HAV

Køyreskulelæraren min lærte meg i min ungdom huskeregelen H-A-V; Hensynsfullt - Aktpågivende - Varsomt. Dette er henta frå §3 (Grunnreglar for trafikk) i Vegtrafikklova.

Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret.
Vegfarende skal også vise hensyn mot dem som bor eller oppholder seg ved vegen.


Så folkens, slutt å irritere B-mennesket meg kvar bidige morgon på veg til jobb. Det er ikkje så vanskeleg!
-Ligg i riktig felt og blink ut frå rundkøyringane.
-Dersom de kjem inn på E6 via eit akselerasjonsfelt; bruk så stor del av akselerasjonsfeltet de treng for å komme opp i riktig fart.
-Blink når du skiftar felt, og sjekk blindsona.
-Det er ikkje nødvendig å bremse heilt ned til 30 foran fotoboksen i 70-sona.

Det var berre det eg ville seie.
I dag skal eg sykle.

22 september 2008

Ferie på Ringerike

Så var langhelga over. Det gjer utruleg godt med nokre dagar fri i ny og ne! Vi fekk møtt utruleg mykje folk, både i Oslo, høgt oppi Hakadalen (når ein busett seg der må ein rekne med slike formuleringar!), i Heradsbygda, på Kuben, på Follum, på Tyristrand og på Dovre. Ei verkeleg sosial og triveleg helg med andre ord. Fotoapparatet var dessverre i bruk berre på fredag medan vi var i Oslo og (høgt oppi) Hakadalen. Også i måneskinnet nord for Oppdal på veg heim i går kveld.

18 september 2008

Telttur i bymarka

Førre helg var vi på telttur midt i arbeidshelga mi. Saman med to vennepar pakka vi telt og soveposar og bestemte oss for å ha ein fin tur - og det var det :) Månelyst og stjerneklart. Det kunne nesten ikkje bli betre! Berre sjå sjølv:



I går kveld køyrde vi sørover til Hønefoss og skal vere her til søndag. Det har vi gledd oss til ei god stund no, og så langt har alt vore vellukka. I dag var vi på skogstur i Holleia, i kveld blir det ein tur ned til sentrum for å sjå på det nye senteret som opnar i dag, i morgon skal vi til Oslo og besøke gode vener, også blir det masse familiekos resten av helga vil eg tru :)

09 september 2008

Det er haust

Lat oss starte med eit haustdikt:

Det er høst.
Det er trist.
Like trøstesløst høsttrist som sist høst.
Og om en stakket frist
blir det tele og frost,
og ingen taletrost
å søke trøst hos.
Ja det er høst.
Trallala.
Og bladene -
falleri fallera'

Men fakta er at eg ikkje synest det er så trist! Når eg sette meg i bilen på parkeringsplassen på jobb i ettermiddag og såg gule blad virvle over plassen i vinden medan Radio Norge spelte ein tøff reggae, ja då måtte eg smile for meg sjølv. Så der sat eg i bilen i mi nye skinnjakke og smilte medan eg tenkte på kor bra eg har det trass i at det blir mørkare og kaldare ute. Eg er lykkeleg gift med ein herleg mann, har fast jobb i eit superspennande og fasinerande fagfelt, eg har eit stort nettverk med gode venner, syng i eit flott kammerkor, har langfri neste helg, eg har dekorative husdyr, veit at yndlingsserien min går på tv i kveld, og har ei lang liste med ting eg gler meg til å strikke :) Og i går prøvde eg sushi for første gong.

Sushi var spennande. Det var Mannen som hadde lyst til å prøve det i samband med bursdagen sin. Vi tok turen til Sushi bar på Ravnkloa, og bestilte "Happy Sushi". Det innebar:

Ein god forrett;


Ei litt meir spesiell "tradisjonell japansk misosuppe".


Og hovudretten med seks bitar sushi og seks bitar maki.


Ikkje alt falt i like god jord, men noko av det var bra :) Fisken var jo til vår store overrasking omtrent det beste! Stamgjestar blir vi nok ikkje, men fordelen er at neste gong veit vi kva vi likte og ikkje, og kan bestille deretter! (Er det forresten fleire enn eg som får assosiasjonar til eit eller anna vaskemiddel av lukta av pepparrot? Veldig spesielt...)

I morgon har eg fri. Og det på ein onsdag!

07 september 2008

Steffen 26 år

I morgon, altså åttande i niande, fyller Mannen 26 år. Gratulerer med det! I den anledning stod salat, kake, kringle og diverse snacks på bordet fredag kveld, og gode vener sat rundt det og feira saman med oss. Direkte triveleg var det. Kristine og Gunnar kom heilt frå Elgseter, Silje og Thomas heilt frå Lerkendal, Mari og Lars-Eirik heilt frå Ila. Desse avstandane bleikna nok litt mot Runar si ferd heilt frå Hakadal! Men alle var like kjærkomne gjestar, altså :) Steffen fekk mange fine dikt og gåver. Mellom anna "Kjære Steffen! Du er jo glad i fisk - men den skal helst vera kjøpt over disk (?) Du er ikkje så glad i røye, difor får du ei .........." Dei øvrige gjestane tippa på køye, søye og sløyfe (!?), men det riktige var trøye. (Den var i ull, så søye var vel nærast gjetta...) Eit anna dikt var: "Me er invitert frå nord til sør, for å feira deg som hør og bør. Hu og hei, det går din vei. Tenk nå har du blitt ett hakk stør'" Ja, ein nordtrønder var involvert i det siste diktet ;) Saman med diktet fekk han kortspelet Bonanza. Eg var kjempeglad! Steffen også.




På laurdag tok vi med oss Runar på markatur utan hundar. Det vil seie at han måtte gå heilt for eiga maskin, og det klarte han bra ;) Vi var på Liaåsen og åt kringle. Vel heime var det graut, så bonanza, så taco og landskamp, så Den siste revejakten på kino, så Tilbake til fremtiden 2 på dvd. Og i dag var vi på lunsj hos Mari og Lars-Eirik i deira nye heim. Ei herleg helg har det vore!



Noko meir? Ja; mi kjære barndomsvenninne og gamle nabo fekk ein stor og flott gut i natt! Gratulerer til heile familien :)

Også har eg fått to nye lappar til lappeteppet i posten:

04 september 2008

Sidelengssokkar

Eg er av dei som synest sokkestrikking er dørgande kjedeleg. Samtidig elskar eg å gå i varme sokkar! Når det då dukka opp ei sokkeoppskrift litt utanom det vanlege vart eg frista til å prøve. Med dette Fabelaktige (hihi - strikkeordspel!) garnet såg eg ein ny yndlingssokk ta form, og eg er også i gang med sokk nummer to. Oppskrifta finn du her.

01 september 2008

Hjarteknusarane og andre syslar

Vi har vore på gamle trakter i helga. Nærare bestemt i Bergen. Det var tida for den lille keisaren i slekta å verte døypt, og alle mann alle troppa opp for å vere med på feiringa. Det er mest koseleg å samle familien slik, men litt slitsomt også. Iallfall med alle 11 under same tak! Men det gjekk utruleg bra. Vi sov under senga til Gullhår, og det var jo spanande for fleire av oss ;) Dei to kusinene tykkjer dei bur litt for langt unna kvarandre, og nytte godt av kvarandre sitt selskap denne helga. Og den lille keisaren var blid og nøgd med det meste. Her ser de bilete av tre herlege hjarteknusarar, samt dåpsbarnet med alle fadderane sine.























I Bergen møtte vi dessutan vår gode venn Simen, samt Bolla Piggsvin. Vi har dessverre bilete av berre ein av dei...



Ei lita frøken i Oslo har fått pakke i posten, og i følge tekstmeldinga ho sendte meg syntest ho at det var ei fin gåve. Det er vel det foreløpig siste ferdigstilte produktet på strikkefronten. Ikkje heilt nøgd med monteringa, men eg trur då det skal vere brukande.



Og til slutt må eg berre seie at eg har hatt ein veldig fin kveld hos Line i kveld. Fire jenter frå altrekka i Aurum, inkludert meg sjølv, møttest for kveldsmat og siste episode av "Fornuft og Følelser". Kjempekoseleg gjeng altså!

Heilt til slutt vil eg vise fram den flotte dekorasjonen som svigerinna mi kreerte til dåpsfesten i går!