27 mai 2011

Fysio sisters :)

På jobben har eg ein fysiokollega. Vi er av dei som fullfører kvarandre sine setningar osv :) Ho kallar oss fysioengelen og fysiofinken (sistnevnte er meg, sidan eg er korsangaren av oss, hehe...). I fjor gløymde ho bursdagen min fordi ho var så gira etter å ha vore på handel på Stoff og Stil. Eg syns det heile berre var utruleg komisk, men sjå no kva resultatet vart for min del:
Og ho har naturlegvis tilsvarande veske med sitt "namn" på :) Stilig, ja?

23 mai 2011

Kom arbeidslyst og treng deg på!

Kva skjedde med energinivået i dag? Ikkje det at det har vore problematisk lavt, men i dag føler eg altså at eg har gjort så utruleg mykje! Etter ein innhaldsrik dag på jobb har eg vore innom Leira gartneri, ICA, laga middag, baka brød, lagt saman klede, planta i verandakassene og vaska veggane på balkongen. Og alt dette før klokka 20! Om ikkje du er imponert er eg det iallfall sjølv! No skal eg berre nyte omgjevnadane og vente på Varg Veum på nrk ;)
Eg må få lov til å legge inn ei anbefaling her: Ta turen til Leira gartneri! Trykk på linken og les meir om staden og tiltaket. Det er til å bli glad av :) Og som ein bonus: ganske billig også :)

22 mai 2011

Redebygging

Eg tek til å forstå kva min kjære fysiokollega meinte med "berre vent til du kjem i redebyggingsfasen!" No er eg der! I dag har eg brukt masse tid på å sortere alle barnekleda vi har fått frå dei gode hjelparane etter størrelse, eg har strikka på babyteppet, vi har gått tur i området eg ser for meg blir hyppig brukt til komande trilleturar, og - vi har kjøpt vogn! Endeleg har Lille Trille ein plass å sove når han finn vegen ut :) Magekjensla mi seier at eg er nøgd med valet. Vi endte opp med ei Simo kombivogn, og valde å spare masse pengar ved å kjøpe ei brukt ei. Den er brukt i litt over eitt år, og vi kjøpte den til ca halv pris. Då fekk vi med både stelleveske, diverse tilbehør og ei andedundyne :) Fin ja?
Når det gjeld farga så er det det nedste bildet som stemmer med røynda. Utelyset har nok spelt meg eit puss på det øvste. Vil du vere med oss på trilletur?

Utfordringar i svangerskapet

Vel... I mitt tilfelle er dette kanskje ei litt absurd overskrift. Utfordringane har nemleg ikkje vore særleg mange, og det er eg sjølvsagt særs takksam for! Eg kan leve med å vere litt ekstra trøtt (særleg i første trimester), kaste opp to veker i desember, samt ha litt leggkramper innimellom. Det er faktisk heilt i orden! Dei øvrige utfordringane er av det meir banale og humoristiske slaget. Og det er også heilt i orden. Det er til dømes heilt i orden at eg ikkje klarer å bøye meg så langt ned at eg får skura badekaret lenger. Eg har jo Mannen til slikt ;) Og til dei andre prøvelsane har eg så mange gode hjelparar at det har ikkje vore noko sak det heller :)
Dei som kjenner meg best veit at kleshandel ikkje er det eg likar å bruke tida mi på her i livet. Det fell meg både slitsomt og kjedeleg. Men det er jo ei kjensgjerning da, at kroppen endrar seg og toppar som tidlegare var lange modellar no stoppar midt på magen, at navlen sett seg fast i glidelåsen på jakker som tidlegare var romslege osv. Klesbunken på bildet ovanfor er klede eg har fått, eller fått låne, av gode vener og hjelparar. Sjølv har eg kjøpt to bukser og tre toppar - og that´s it! Så hadde eg jo frå tidlegare, på grunn av min "flotte figur", sansen for A-toppar, diverse tunikaer og slikt, og dei har eg jo kunna bruke heile tida. Men tusen takk til dykk som har bidrege til at eg har sluppe unna klesbutikkane også desse månadane altså!

Og ikkje nok med det. Lille Trille har så godt som fulle skap snart han også. Utelukkande på grunn av gode hjelparar. Her om dagen fekk eg plukke det eg ville ha hos ein svært god kollega i nabolaget.
Og då vi var hos svigers førre helg hadde dei funne fram massevis av klede dei også, og mykje av det var klede som Mannen hadde brukt i sine barneår. Så stas!
Mellom anna fekk vi dette settet som ei vordande oldemor strikka til Mannen rett etter han kom til verda for knappe 29 år sidan.
Og denne jakka og lua er det svigermor sjølv som har strikka i si skuletid, og som Mannen dermed kunne ta i bruk då han såg dagens lys.
I bunken låg i tillegg strikkeprodukt frå oldemora til Mannen! Er det ikkje berre heilt utruleg artig med gjenbruk!? Det syns iallfall eg :)

No gjenstår det berre å finne ut korleis denne saken som eg har fått låne av ein kollega skal knytast - for det måtte eg gjere sjølv sa ho ;)

Tusen, tusen takk alle saman! Eg kosar meg! :)

18 mai 2011

Nasjonaldagsfeiring hos svigers

Det har eg faktisk ikkje gjort før, så det var på tide! Det regna godt frå morgonen av, men akkurat i det vi kom til byen for å sjå på barnetoget kom sola og skinte på min skatt ;)
Og på endå ein skatt også, for den saks skyld!
Og deretter vart dagen så fin at vi til og med kunne ete grillmaten utandørs! Svigers diska opp med mange sortar, så både tobeinte og firbeinte gjestar kunne kose seg lenge og vel. Tobeinte og firbeinte fekk trimma litt i hagen også, så den ekstra pølsebiten gjorde ikkje store skaden trur eg ;)
Ei fin langhelg på austlandet vart det på oss, før vi i går ettermiddag nok ein gong vende nasen heimover. No er det 15 arbeidsdagar att til frua går ut i permisjon... Kva kan eg seie? Hipp hipp hurra!

08 mai 2011

Frigjeringsdag i det fri

No skal eg vere den første til å innrømme at eg var sofa/tv-junkie i formiddag. Og litt verandajunkie også. Eg kan også vere den første til å hevde at slike formiddagar kan vere svært så fine. Eg fekk til dømes avslutta Marekors av Jo Nesbø, og starta på Menneskefluene av Hans Olav Lahlum. Ikkje dumt berre det! Etter middag derimot, tilbrakte vi frigjeringsdagen ute i det fri. Vi allierte oss med eit godt venepar og la dagens søndagstur til St.Olavs-spranget.
(Kvifor ingen har fjerna den trekvasten du ser midt i bildet enno er meg ei gåte!) 45-60 minutts gange frå Trolla, der finn du altså dette utkikkspunktet. Ein fin spasertur på herleg skogbotn.
Og her er 32-vekers-biletet. Fortsatt i fin form, om enn med stadig tyngre kropp. Akkurat som det skal vere altså.

Jepsi lengtar kanskje ut i det fri han også? Ikkje veit eg, men han likar seg iallfall i vinduskarmen!
Her står han og poserer og drøymer - kanskje om livet på andre sida av glaset?

02 mai 2011

Lille Trille og dei gode hjelparane

Dette er Lille Trille. Og mammaen hans. I går kveld.
For tre dagar sidan innsåg mammaen til Lille Trille at ho berre har seks arbeidsveker att før ho går ut i permisjon. Og korleis går det med innkjøpa? Innkjøp? Kva innkjøp? Nei, det har altså ikkje vorte gjort så store innkjøp enno. No er det som manglar stort sett ganske harmlaust å få tak i (kanskje med unntak av vogna), og heldigvis har Lille Trille og mammaen mange gode hjelparar som bidreg med ting og tang også! Til dømes overrakte tante/oversøster eit aldri så lite skattkammer i påska.
Ein stor sekk med klede i ulike størrelsar! Klede ho har kjøpt og fått, og som hennar gode hjelparar (inklusive meg sjølv) har strikka. Her kan du sjå dei strikka plagga:
Og her har du heile sulamitten lina opp på vårt gamle spisebord:

Heldige Lille Trille!