Utfordringar i svangerskapet
Vel... I mitt tilfelle er dette kanskje ei litt absurd overskrift. Utfordringane har nemleg ikkje vore særleg mange, og det er eg sjølvsagt særs takksam for! Eg kan leve med å vere litt ekstra trøtt (særleg i første trimester), kaste opp to veker i desember, samt ha litt leggkramper innimellom. Det er faktisk heilt i orden! Dei øvrige utfordringane er av det meir banale og humoristiske slaget. Og det er også heilt i orden. Det er til dømes heilt i orden at eg ikkje klarer å bøye meg så langt ned at eg får skura badekaret lenger. Eg har jo Mannen til slikt ;) Og til dei andre prøvelsane har eg så mange gode hjelparar at det har ikkje vore noko sak det heller :)Dei som kjenner meg best veit at kleshandel ikkje er det eg likar å bruke tida mi på her i livet. Det fell meg både slitsomt og kjedeleg. Men det er jo ei kjensgjerning da, at kroppen endrar seg og toppar som tidlegare var lange modellar no stoppar midt på magen, at navlen sett seg fast i glidelåsen på jakker som tidlegare var romslege osv. Klesbunken på bildet ovanfor er klede eg har fått, eller fått låne, av gode vener og hjelparar. Sjølv har eg kjøpt to bukser og tre toppar - og that´s it! Så hadde eg jo frå tidlegare, på grunn av min "flotte figur", sansen for A-toppar, diverse tunikaer og slikt, og dei har eg jo kunna bruke heile tida. Men tusen takk til dykk som har bidrege til at eg har sluppe unna klesbutikkane også desse månadane altså!
Og ikkje nok med det. Lille Trille har så godt som fulle skap snart han også. Utelukkande på grunn av gode hjelparar. Her om dagen fekk eg plukke det eg ville ha hos ein svært god kollega i nabolaget.Og då vi var hos svigers førre helg hadde dei funne fram massevis av klede dei også, og mykje av det var klede som Mannen hadde brukt i sine barneår. Så stas!
Mellom anna fekk vi dette settet som ei vordande oldemor strikka til Mannen rett etter han kom til verda for knappe 29 år sidan.
Og denne jakka og lua er det svigermor sjølv som har strikka i si skuletid, og som Mannen dermed kunne ta i bruk då han såg dagens lys.
I bunken låg i tillegg strikkeprodukt frå oldemora til Mannen! Er det ikkje berre heilt utruleg artig med gjenbruk!? Det syns iallfall eg :)
No gjenstår det berre å finne ut korleis denne saken som eg har fått låne av ein kollega skal knytast - for det måtte eg gjere sjølv sa ho ;)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar