Kom arbeidslyst og treng deg på!
Kva skjedde med energinivået i dag? Ikkje det at det har vore problematisk lavt, men i dag føler eg altså at eg har gjort så utruleg mykje! Etter ein innhaldsrik dag på jobb har eg vore innom Leira gartneri, ICA, laga middag, baka brød, lagt saman klede, planta i verandakassene og vaska veggane på balkongen. Og alt dette før klokka 20! Om ikkje du er imponert er eg det iallfall sjølv! No skal eg berre nyte omgjevnadane og vente på Varg Veum på nrk ;)Eg må få lov til å legge inn ei anbefaling her: Ta turen til Leira gartneri! Trykk på linken og les meir om staden og tiltaket. Det er til å bli glad av :) Og som ein bonus: ganske billig også :)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar