15 april 2006

HEIMBYGDA


mel. No livnar det i lundar

Her ligg ei bygd her inne,
ved breie Romsdalsfjord.
Ho ligg så vent og smiler
med Sekken i mot nord.

Mi heimbygd ho har mange
av store, høge fjell.
Dei reiser seg så stolte
mot høge himmelkvelv.

Eg aldri vil ho gløyma
mi fagre heimbygd kjær.
Og minna vil eg gøyma.
Dei kjem meg alltid nær.


Her kjem eg frå! Fint, ikkje sant? Eg ville berre vise fram Vågstranda til alle som er innom bloggen minj! Dette er altså ein soloppgang, eit frå fjellet (Svartevatnet), og eit frå Daugstadsetra (dit eg orkar å gå på ski i påska...) Det er pappa som har teke bileta - trur eg.

1 kommentar:

Anonym sa...

Gratulerer, kjære Ingeborg/ Iborg/ gullfisk! Dette var en glimrende start på en blogg, og gleder meg til fortsettelsen. Ååh, i dag er det 1.påskedag og snart er lammesteika ferdig! Årets beste middag før svinesteika kommer 1.juledag... God påske!