Østerdalekspressen
Ferien er over, anten eg vil det eller ikkje. Dagen idag starta for tidleg. I kombinasjon med at dagen igår slutta for seint, har resultatet vore ei trøtt Ingeborg idag. Reisesjuketabletten Postafen høyrer også med til historia, då eg blir ekstra trøtt av denne. (Sjekk www.felleskatalogen.no dersom du ikkje trur det er muleg!) Etter iherdig nistesmøring vart vi skyssa av min kommande svigerfar ned til Gardermobussen på busshaldeplassen i Hønefoss. Vel framme på Gardermoen brukte vi ca ein time på å irritere oss over at vi ikkje skulle ta fly til Værnes, men så kom bussen vår (Østerdalekspressen). Når det viste seg at vi til og med fikk sitte saman på bussen gjekk det betre. Eg sov jo dessutan store delar av turen... Det som er heilt sikkert er at Østerdalen er lang og full av skog. Så mykje meir har eg ikkje å seie om Østerdalen... Men no er vi framme i Trondheim, og eg skal snart trille vidare i eigen bil til Namsos. Heldigvis skal Sunniva sitte på, så då blir den 3 timar lange turen vidare meir interessant :) Dersom nokon av dykk har hatt ei spennande påske, eller ein spennande tur tilbake dit de var i utgangspunktet, må de gjerne kommentere det her!
