26 april 2006

Vømmølstemt?

Er du vømmølstemt? Første halvdelen av turnustenesta mi hadde eg i Overhalla kommune i Nord-Trøndelag. Der vart eg med i Ranum Sangforening (eit godt, gamaldags blandakor). Det store prosjektet dette året er ei oppsetning med songar av Vømmøl Spellmannslag; du veit - Høvlerivisa, Førarkort, Gammalpotet osv. Forestillinga heiter "Vårres dag i Vømmøldaln", og inneheld både ordinær korsang og korte dramatiseringar. Det kan bli ganske artig trur eg. Neste veke blir det konsert på Gimle (idrettshallen i Overhalla) torsdag 19:30, og festkveld på laurdag til same klokkeslett. Billettane til festkvelden er dessverre utseld (dvs - dessverre for dykk, men bra for koret!) På torsdag derimot er de hjarteleg velkomne :)
PS: Eg skal vere tidlegare fabrikkarbeidar, auksjonsarrangør (?) og framparten på ein hest - som skal steile!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei

Kan ikke komme og se på jeg, skal jo skrive ferdig oppgaven min som skal leveres 12 mai!Hakke tid til sånn artigheter og slåssing oppi Nord-Trøndela da nei. Brekk ett bein, men ikke slåss.

Kristine sa...

Vømmøl er noe av det mest nordtrønderske du finner, og tenk at du får oppleve dette, Ingeborg! Jeg er så stolt av deg!

Klem fra en ekte nordtrønder