Lyst på middagstips?
Eg er så matlei for tida, men no har eg fått denne oppskrifta av ein god kollega. Eg har fått retten servert, så eg veit han er god! Bon apetit!
Kyllingsuppe (3-4 porsoner):
3 kyllingfiletar
1-2 løk
Kvitløk etter smak og behag
Litt fersk ingefær
Poteter i bitar (uvisst kor mykje du treng...)
Litt karri
Kyllingbuljong (1-2 terningar kanskje?)
Vatn (mengde ift buljongen)
Raspa skal av 1 sitron
1 boks kokosmjølk
Skjer kyllingfiletane i passe store bitar. surr dei i smør eller olje. Ta dette ut av gryta. Surr så løk, kvitløk, fersk ingefær og potetbitane. Ha i karri og kyllingbuljong. Hell over vatn. La det heile koke til potetane er møre. Ha i kyllingen og kokosmjølka. Varm opp. Server med varme rundstykke eller liknande. Og kos deg!!

2 kommentarer:
Hei Ingeborg!
Kul blogg:)
Den oppskrifta såg spennande ut. Men eg vart litt usikker på ein ingrediens.. kva slags ingefær er "ersk" ingefær? Irsk eller?!?!? :)
Kjøtt-Olav har blitt pappa! Men det visste du kanskje.. sonen heiter Mathias, 51 cm og 3150 gram. Alle tre i fin form:)
Det var dagens nyheit!
Snakkast!
Simen
Tenkte på det her ein dag! Så bra! Gratulerer til han :)
ersk ingefær = fersk ingefær... Også skal det vere sitronskall oppi også. Kjempegod oppskrift - berre sørg for å krydre tilstrekkeleg!
Kjem forresten til Bergen førstkommande helg!
Legg inn en kommentar