Absolutt Fysioterapi
Absolutt Fysioterapi er min nye arbeidsplass frå hausten av. Då eg var i praksis i Kvam Herad i 2.klasse, hadde eg ein fantastisk vegleiar. Ho heiter Benedicte, og har no flytta til Porsgrunn og starta opp for seg sjølv utan driftstilskudd. "Du får seie frå dersom det blir ledig jobb hos deg, Benedicte," sa eg, og i februar fekk eg ein oppløftande sms: "Ledig jobb hos meg!" Perfekt timing! Likevel vart det eit vanskeleg valg. Eg har jo ikkje berre meg sjølv å ta hensyn til lenger, men no har vi endeleg bestemt oss for å flytte nedover. Vi håpar Steffen får jobb i området. Viss ikkje kan han studere vidare der nede. Eg gler meg iallfall til å jobbe saman med Benedicte igjen! Dersom du vil lese meir om instituttet kan du trykke på overskrifta over, eller på linken i margen.

2 kommentarer:
Kvam Herad? Er det Norheimsund? Ja, for det var når du gikk i 2. vi var på besøk der?
Det stemmer! Takk for besøket ;)
Legg inn en kommentar