Ein liten avskjed
Det har seg slik at eg og Steffen flyttar til Porsgrunn i august. Eg har fått jobb på instituttet til ei eg kjenner (Benedicte), og Steffen håpar å få ein ingeniørjobb i nærleiken. Han kjem truleg inn på Høgskulen i Telemark også, og då kan han ta mastergrad der nede. Uansett - dette betyr at vi reiser frå Trøndelag og alle venene våre der! Trist, men sant... Igår hadde vi difor ei lita avskjedssamling i Klostergata, med taco på menyen. Det var triveleg at så mange kom, så fekk vi takka for oss her oppe, og alle fekk sagt god sommar til kvarandre :) Idag reiser vi til Namsos, der vi skal tilbringe det meste av sommaren ilag! Velkomne på besøk dersom det skulle klaffe slik!

1 kommentar:
Fantastisk bra at du har fått jobb, Ingeborg!! Men jeg kommer til å savne dere begge i Trondheim....
Legg inn en kommentar