Moro med Jakob!
Vi kom til Porsgrunn for drøye to månader sidan, og eg kan med glede sjå tilbake på det faktum at vi har vore opptatt ni helger etter dette. Anten har vi hatt besøk, eller så har vi vore på besøk.
Dette synest vi er utruleg kjekt! Denne helga fekk vi besøk av Jakob - ein gammal kjenning vi sjeldan ser. Jakob delte rom med Steffen på Viken, og dei budde også saman eitt år i Bergen. Vi har hatt mykje moro saman, og slik vart det naturlegvis denne gongen også!
Fredag: Middag. Tv-titting. Oppdatering på kvarandres liv. Latter over diverse filmsnuttar på www.snabbstart.com. Mellom anna såg vi denne verdsrekorden, ein tørst gutt, og uvitande joggarar. Du finn mange festlege klipp på snabbstart.com.
Laurdag: Tusle i byen. Shoppe. Graut. Wok. Besøk av Thomas. Sjå "Sannheten om Rødhette" (ganske morsom). Sjå fleire snabbstart-klipp. Leike med Thomas sin nye mobiltelefon med diverse kamerafunksjonar. Sjå "Terkel i Knipe" (makaber og festleg - ikkje for barn!).
Søndag: Frokost. Spele fotball (Steffen og Jakob). Dusje av seg gjørma etter fotballen. Middag på Jonas B. Gundersen. Følgje Jakob til toget. Seie hadetbra til Jakob. Slappe av. Sjå Brann slå Rosenborg 4-1. Det er lov å håpe!

1 kommentar:
Det er alltid lov til å håpe! Uten håp blir livet kjedelig.
Legg inn en kommentar