22 april 2007

Etterpålag

I går hadde vi eit lite etterpålag her i Porsgrunn. Hanne Guro, Thomas, Elisabeth, Hege og Marte tok turen til Winthersgate. Det vart ein hyggeleg kveld med mykje mat med mange kaloriar i (pizzasnurrar, fromasj med gele, bløtkake, kransekake og avlettar med rømme og sukker), kikking på bilde og videosnuttar frå bryllupet, og elles mykje prat om laust og fast. Kjempetriveleg! Når dei forlot residensen ei stund over midnatt sette naboen over oss i gang suben på stereoanlegget igjen, men han heldt det heldigvis ikkje gåande så lenge denne gongen... Vi får håpe dei som flyttar inn her etter oss er glad i musikk, viss ikkje kan det bli trøblematiske forhold her!


Aurum har hatt konsert i Trondheim i dag. Gler meg til å høyre om korleis det gjekk.

Brann ledar 3-0. Det er ein halvtime att av kampen.

Ingen kommentarer: