15 april 2007

Vår - tralala vår


Kjære lesarar! For dei av dykk som enno ikkje har fått det med seg: Våren er her! Sol, blåveis, fuglesang og utekaféar. I dag fekk vi endeleg skifta dekk på bilen. Herleg! I tillegg tok vi ei vask- og polishrunde. Det er nesten så ein kan bli glad i forden sin igjen! Men berre nesten.

Etter ein sunn og god fiskemiddag tok vi turen ut i sola igjen. Denne gongen for å bli kjent med eit nytt familiemedlem; Nikon D70S. Jøje meg så artig det er å ta bilete med eit godt kamera! Ikkje det at bileta blir så bra førebels, men øving gjer meister :)
I dag går også søknadfristen for samordna opptak ut, så no er det berre å kjøre på med studiealternativ som kanskje, muligens kan vere interessante og/eller relevante. Må jo ha noko i bakhand i tilfelle eg ikkje får jobb til hausten! Steffen har forresten fått jobb her nede ut juli. Han har faktisk fått to jobbar, så no har han eit lite luksusproblem. Men det løyser seg nok. Uansett veldig kjekt for han, og oss.

Vår - tralala vår! Og i dag går siste rest av marsipankaka ;)

5 kommentarer:

Ingeborg sa...

Fiiine blåveisen! :D Gratulerer med nytt kamera!

Anonym sa...

Takk for sist:) Ja til vår! Her har vi hatt minst 25 grader og sol i flere dager!

Kristine sa...

Heia Trondheimsplaner, heia RBK og heia blåveiser :)

Anonym sa...

Hurra for veldig bra kamerakjøp. Du vet vel hva bursdags- og juleønskene blir framover nå?!?

(Min bror har nemlig prata med Steffen på msn, og han kan være litt pågående ;) )

Gled dere til fantastisk mye bedre bilder og artige muligheter.

Ingeborg sa...

Gler meg til å lære å bruke kameraet litt betre enn eg foreløpig kan, men aller mest gler eg meg til GODE bilete!