Eg erklærer herved flyttinga for opna!
Eg er ferdig med å vaske det som skal vere vaska før første lasset går nordover. Eg er ferdig med å pakke det som skal vere pakka. Om ein halvtime skal eg hente leiebilen. Om ein og ein halv time skal eg og Steffen ete kebab. Etter det skal vi lesse i bilen. Deretter køyrer vi til Hønefoss. I morgon køyrer vi til Trondheim via Dovre, der vi skal tigge mat av opphavet mitt ;) I morgon kveld skal vi bære alt i bilen inn i leiligheta. På søndag skal vi sove til vi vaknar, og så køyre til Hønefoss igjen. På mandag køyrer vi til Porsgrunn, leverer bilen, vaskar det som gjenstår å vaske (stort sett golv og golvlister), og så køyrer vi til Hønefoss att. Eller Dovre. Det kjem an på når vi kjem oss avgarde frå Porsgrunn. Om eg gler meg? Nei. Ikkje til sjølve flyttinga. Men det skal bli herleg å komme i orden på Steinan!

5 kommentarer:
Lykke til med flyttinga! =)
Ja, lykke til med flyttinga! Dere får det sikkert fint på Steinan ja :)
Lykke til! Tenk, nå er dere kanskje allerede i Trondheim i den nye leiligheten! Vi snakkes strrraks :)
ÅÅÅÅ, det er dårlig gjort at dere i Trondheim får de. Det hadde vært mye bedre om dere ble på Østlandet... :(
Takk for lykkeønskingane! Det har gått ganske bra hittil, og vi er jo nesten ferdige. Berre å kome i orden no - og det er jo det artigaste med heile sulamitten!
Kristine: I see you when we get theeeeere, see you when we get there, see you when we get theeere!
Åshild: Unnskyld... Men du kjem jo på besøk veldig snart! Også er det korhelg i oktober! Dette går bra Åshild! :)
Legg inn en kommentar