29 januar 2008

Den tidlegare omtalte konserten i Vår Frue

I fjor utnevnte eg meg sjølv til førstefan av Kammerkoret Aurum, så no var det sanneleg på høg tid at eg fekk med meg det dei sjølv kallar ein ordentleg konsert. Eg høyrde dei jo ein gong før jul, men denne gongen var det i eit meir velegna lokale. Konserten fann stad i Vår Frue kirke søndag 27. januar, og var ei flott oppleving. Aurum opna med høg gåsehudfaktor i Kyrie av sin eigen Martin Koren Nesheim, og fortsette med verk av Brahms, Tormis, Busto, Pärt, Rachmaniniov, Britten, Bruckner, Tavener, Debussy, Séverac,Lotti, Kverno, og sist men ikkje minst Aurumdirigenten Øyvind Johan Eiksund. Ein herleg konsert var det, fint samanbunde med prat mellom innslaga samt eit svært informativt programhefte. På første side gjev koret uttrykk for at dei håpa å varme dei som var til stades i vinterkulda... Kva kan ein seie... Viss nokon blir varm av stadige frysningar så lukkast dei!

Ingen kommentarer: