23 januar 2008

Eg seier sjeldan nei takk!

Det er alltid hyggeleg å bli invitert bort på middag, kake, fjas og stas! Søndag og mandag som var var fine i så måte. Svoger Thomas inviterte på sterkt krydra kylling på søndag, og imponerte med kokkekunstane. Dessverre vart kamera gløymd (vi hadde berre med oss blitzen...), men neste gong skal det forevigast! Fin og lys leilighet har han fått også. På mandag fylte Ingvild år, og inviterte til ei lita og uformell feiring. Masse søtt og godt kom på bordet, deribland heimelaga marsipankake :) Jammen var det ein del kjentfolk der det var lenge sidan eg hadde sett, og det er jo alltid kjekt. Men altså; takk for invitasjonane, serveringane og dei trivelege samvera!

Ingen kommentarer: