Årskavalkade
"Vi må sjå framover" vert det sagt, og vi høyrer etter som veloppdragne barn. Kvart nyttår ser vi framover og ramsar opp ei rekke ting vi skal oppnå i løpet av året vi har framom oss. Men nyåret er også tida då alle ser bakover. Kva har skjedd det siste året, kva har vi oppnådd, kor tidleg sprakk nyttårsforsetta? Eg tillet meg å starte 2008 med å sjå bakover.
Januar:
Steffen humpa rundt på krykker etter å ha brekt tåa jula 2006. Han hoppa av skulen i Porsgrunn og brukte tida på jobbsøking. Etterkvart fekk han jobb i Norstat, og brukte fleire kveldar i veka på å ringe rundt til folk og spurde rare spørsmål om diverse. (Jammen fekk han litt rare svar innimellom også!) Sjølv jobba eg på instituttet. Også må vi ikkje gløyme nyttårskonserten med Viken Oratoriekor! Også var vi på innflytningsfest hos Åshild og Espen. Og Anders Jacobsen vann hoppuka.
Februar:
I februar var vi mellom anna på besøk hjå oversyster. Eg skulle i utgangspunktet på kurs, men då dette vart avlyst hospiterte eg hjå ein tidlegare praksisvegleiar. Interessant! I Bergen fekk eg dessutan kjøpt kjolar til brudepikene våre! Februar var vel ganske prega av bryllaupsførebuingar. Vi var i Romsdalen og hadde samtale med prest, eg hadde prøvetime hjå frisøren, vi skreiv kontrakt på lokala osb. Ting tok til å forme seg med andre ord!
Mars:Siste dagen i mars var den store dagen vår. Dei tredve føregåande dagane bar naturleg nok preg av dette. I starten av månaden hadde vi utdrikningslag i Oslo. Deretter gjekk det ganske slag i slag, og plutseleg stod vi på kyrkjetrappa og smilte som best vi kunne. (Ikkje at det var så vanskeleg!) Dagen var framifrå på alle måtar, og vi gløymer han aldri!
April:
Påske. Hvetebrødsdagar. Ferie. Og så var det attende til kvardagen i Porsgrunn. Der kjøpte vi oss nytt kamera, og det har vi verkeleg hatt mykje glede av! I tillegg hadde vi eit lite etterpålag for venene våre der, og mot slutten av månaden fekk eg meg omsider ein tur på toppen av Ringkollen. Sanneleg på tide! Steffen slutta som telefonintervjuar og starta som konsulent ved opptakskontoret til Høgskulen i Telemark. Eg kunne dermed titulere meg som "konsulentfrue". Stilig, ikkje sant?
Mai:
Tja...Mai? Eg trur ikkje det skjedde så mykje i mai. Vi gjekk litt turar, og vart betre kjent med vårt nye familiemedlem Nikon. Vi feira nasjonaldagen i Bærum, og hadde vår første Harrytur til Strømstad.
Juni:
I juni nytte vi finveret. Vi køyrde litt rundt i nærområdet og knipsa bilete. Høgdepunktet var vel kanskje likevel turen til Sverige. Vi hadde også besøk av Åshild og Espen. Koseleg, koseleg!
Juli:Heile familien min møttest på sørlandet for å feire ein treårsdag samt eit rubinbryllup. Det er ikkje så ofte alle er samla slik, så det var veldig kjekt. Etterpå var oversyster med familie på besøk i Porsgrunn. Eg avslutta praksisen min der nede, og dei to siste vekene i juli gjekk med til pakking og vasking. Flyttinga stod for tur, og siste helga i månaden køyrde vi flyttelasset til Steinan.
August:
Flyttinga overstått! Etter ein tur til Romsdalen starta studia våre og jobben min. Steffen starta altså på den mastergraden han eigentleg ville ved NTNU. Pendlinga til Namsos tok til for min del, og denne skulle komme til å vedvare fram til jul. Teiknspråkinnlæringa starta også -kjempeartig! Og omsider fekk vi internett.
September:
Eg vert stadig meir engasjert i døvepolitikk, og lærer stadig fleire teikn. Eg trivst godt i Namsos, men pga pendlinga er eg kontinuerleg på jakt etter jobb nærare bartebyen. Også var Håvard på besøk :)
Oktober:
UKA i Trondheim gjekk av stabelen i oktober, og denne gongen fekk vi med oss tre konsertar; Kings of Convenience, Muse og Travis. Like gode alle tre, kvar på sin måte. Vi hadde dessutan besøk av Jakob, noko som alltid er like triveleg. I tillegg kom gullet "hem". Gratulerer Brann!
November:
Vinteren kom. Vi hadde Viken juleselskap avdeling Nidaros. Vi leverte oppgåva om å vere døv i høyrande skule. Eg fekk jobb i Trondheim. November var ein bra månad :)
Desember:
I desember avslutta eg engasjementet i Namsos og starta så smått i ny jobb på Tiller. Sehr spannend! Eg var dessutan særs kulturell i desember; teater, hopprenn og kammerkorkonsert er noko av det eg fekk med meg før turen gjekk heim til Romsdalen for julefeiring saman med opphavet og oversyster med familie. Det er alltid godt å kome heim :) I mellomjula køyrde vi vidare til Heradsbygda, og jammen er det alltid godt å kome dit også! Eg er den heldige vinnar av to familiar :)
Og sånn gjekk no dagan. Er det no eg skal sjå framover? Ok. På svært kort sikt satsar eg på å bli frisk. På litt lengre sikt skal eg finne meg endå meir til rette i ny jobb, sette mosjoneringa mi litt meir i system, og i det heile tatt bli eit betre menneske ;) Også trur eg kanskje at eg muligens har bittelitt lyst til å synge i kor igjen, men det får eg sjå meir på etterkvart.
Godt nytt år!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar