Kort om påska
Det er slurv frå mi side at påska har vorte forbigått i stillheit, for den gjorde jo ikkje det i røynda! Eg jobba første delen av påska i år, men etter endt arbeidsdag på onsdag vende forden frontlysa sørover i retning svigers. Der var vi til mandag, og dagane var fulle. På torsdag tok vi det vel ganske med ro når eg tenkjer etter, men fredagen var turnéen i gang. Oslobesøk stod for tur, og vi fekk møtt Åshild&Mats og deira nye skudd på familietreet, og ete og kosa oss saman med Marianne, Åshild&Espen i hovudstaden. Påskeaftan var vi ein liten tur til byen, der vi møtte på ein del slekt reint tilfeldig. Dei var alle godt oppdatert på gitarlua til Steffen, så bloggen vert tydelegvis meir besøkt enn redaktøren var klar over. Det er såklart berre hyggeleg :) Utpå ettermiddagen var det klart for koldtbord i Heradsbygda med svigerbesteforeldra mine frå Follum på besøk. (Og waldorfsalaten til svigermor er rett og slett den beste eg har smakt!) På søndag var vi og besøkte bursdagsbarnet på Tyristrand. (Han vart 70 år - gratulerer). Der fekk eg omsider møtt delar av slekta til Steffen som eg hittil ikkje hadde møtt, så det var sanneleg på tide. Ein av dei fekk prakka på oss ein x-box også, hehe... På veg heim derifrå stakk vi innom Haug og fekk møtt Tone og Runar ein times tid. Vi fann ut at det vart i kortaste laget, og bestemte oss for å køyre via Oslo når vi skulle heim på mandag, slik at vi fekk nytt deira selskap litt lengre. Dermed vart Østerdalen eit naturleg rutevalg oppover til Trøndelag att... Greitt at ein sparar ein time, men gud hjelpe meg så kjedeleg veg! Så fekk eg sagt det også.
Bra påske med mykje vener og familie, god mat, brettspel og kryssord, men litt lite ski kanskje... Ta ein kikk på bildecollagen under om du vil. (Beklager at vi gløymde å fotografere dykk Marianne, Åshild og Espen!)
Veka etter påske har gått med til jobbing, korøving, quiz, og sist men ikkje minst besøk av Silje&Thomas, samt pizza og Settlers hos Kari&Torbjørn i går kveld.



1 kommentar:
Det høres ut som en vellykket påske =) Kjekt med masse familie greier i feriene =)
Legg inn en kommentar