14 mars 2008

woao!

Overskrifta her kunne ha vore "wow", men eg var redd nokon ville tru det kom eit innlegg om World of Warcraft... Det gjer det altså ikkje. Woao (eller wow) er berre eit utbrudd frå meg. Eit ord for å formidle min fasinasjon eller eit uttrykk for kor overraska eg er.

For det første; TO blogginnlegg på EIN dag! Sjeldan kost.
For det andre; eg har fått pakke frå min strikkekompis frå Norsk Strikkeforum i dag :) Den låg og venta på meg når eg kom heim frå jobb i kveld. Hyggeleg, hyggeleg. Og så fin!


Eg har også strikka litt påskepynt. "Mor, far og ungar" kan vi kanskje kalle verket. Dei såkalla ungane vart litt for små til sitt formål etter toving. Tanken var å bruke dei som eggevarmarar på frokostbordet, men med desse er det berre tuppen på egget som vil halde seg varmt ;)


3 kommentarer:

Monica Therese sa...

Skikkelig flott hønsefamilie du hadde der =) Og gratulerer med fin-fin pakke !!

Anonym sa...

De var søte da - det holder lenge som påskepynt :)

Beate sa...

Fin påskepynt, tror jeg må prøve meg på noen sånne :)